ANITA NORDHEIM BLUES'N GROOVE COMPANY
MadamFelle, , 5003 Bergen Directions
Wed Oct 28 2026 20:00
Anita Nordheim Blues n’ Groove Company kjem med eit uttrykk der blues og bluesrock møter funk og soul 🎶 med Anita frå Høyanger på vokal og saksofon i front. Bandet, med base i Bergen, er aktuelt med albumet Turn The Page, som har fått strålande omtale i juniutgåva av Bluesnews. Anmeldaren trekkjer fram krafta, grooven, dei store blåsearrangementa og Anita si sterke og personlege formidling , og omtalar bandet som noko av det beste ein får frå eit norsk band i år👏
Bandet har òg hatt ein aktiv festivalsesong og spelt på ei rekke festivalar i år, mellom anna Notodden Blues Festival. Med sterke eigne låtar, stort sound og eit band fullt av speleglede ligg alt til rette for ei kraftfull konsertoppleving på Bjørgvin Bluesklubb!
Med i bandet:
Peter Sæverud – bass
Marius Mathisen – trommer
Henning Hodne Mjanger – gitar
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Håvar Skaugen – tenorsaksofon
Anita Nordheim – vokal og saksofonar
Albumet Turn The Page vert òg tilgjengeleg på vinyl i november.