Hjørnevik & Iversen - Dikt Live

Hjørnevik & Iversen - Dikt Live

Lille Ole Bull, Øvre Ole Bullsplass 3, 5012 Bergen Directions

Fri 11.12.2026 18:30

Ole Bull presenterer dessverre. Igjen. Og igjen. År etter år. Førjulstid etter førjulstid. Forfattar, komikar og diktar Jon Hjørnevik, pluss Dagfinn Iversen og gitaren hans, kjem tilbake til Lille Ole Bull. Dette er ein tradisjon og smertefull sirkel, som ikkje kan brytast. Nok ein gong vert det møte med erotiske tanter, skakk joik, fulle pelsdyrkonsulentar, Sverre med fingen, eit lass med purreløk, Ålesund rundbrennarlag og farleg bruk av solarium. Billettar i sal. Kjøp og kom! Thats it.